tirsdag 2. juni 2009

Samandrag av året



Samandrag av blogger og wiki.



Nok eit år passerer og no har me fått i oppgåve å vurdere arbeidet vårt gjennom bloggene våres.

når eg ser tilbake på blogger og wikiartikler ser eg at eg kunne ha skrive meir på enkelte artiklar eg har lagt. eg er den type person som alltid "ser på andre" og samanligner. av og til når eg ser på det dei andre har skrive og ser på mitt eiget blir eg flau. noko som ikkje er eit godt teikn.
gjennom året veit eg at eg kan greie bedre.

bloggen har gått forsåvidt greitt. eg skreiv nokon sider om "zelda" spelet, og har ellers lagt inn litt smått på bloggen utenom. tenkte å få inn meir om det faktum at eg speler bassgitar. men med wikiartiklar og jobb har det blitt lite tid til det desverre.

Wikisidene har eg ikkje fått ferdig artikkel som celluloidplata fordi eg syns det var vanskelig å skrive det inn når eg hadde skrive om grammofonen.
kom for seint med den siste Artikkelen, det er eg ikkje stolt over. men eg greier ikkje å berre la det gå så eg "må" få den ferdig uansett om eg er alt for seint ute. ellers får eg altfor dårleg samvittighet.

Når eg ser på bloggen no, ser den forsåvidt ganske tom ut. eg regner med at eg faktisk skal legge ut noko der utenom skuletid. berre for å drive på med blogg innimellom for morro skyld.
grunnen er at eg kan skrive kva eg vil, om kva eg vil, korleis eg vil.

Når eg ser på Wikien må eg være ærlig og sei at eg ikkje trur eg gidd å gå på den så mykje. farlig av meg å seie, men eg er ikkje ein så veldig skuleperson. men eg prøver. (når eg får oppgåve om det)

Å bruke Wikien som eit verktøy: ja, eg har faktisk brukt den. men berre èin gong. det var når eg skreiv artikkel om musikken. da søkte eg opp litt på wikien om musikkhistoria.
men ellers har eg ikkje brukt den så mykje ikkje for it's learning heller.
men eg vil nok sikkert få bruk for den til neste år, eller nokon andre. og berre hyggeleg hvis folk frå andre klassar får bruk for den òg.